Gjennomkjøring: Vi reiste oppover til Kongsvinger 0530 på torsdagen for å
ha ei gjennomkjøring av alle etappene før løpet starta. Vi håpte at
note-lesinga skulle få ein boost, slik at vi kunne oppnå målsettinga for
løpet. Vi ankom Kongsvinger litt etter kl 0700 og Ole henta alle papir.
Han sjekka at alle ark som skulle være der, verkeleg var der, men kom til
at vi mangla startnr. Inn for å få tak i startnr, som for øvrig vi hadde
fått. Eg klarte ikkje å dy meg, så eg bladde opp i gjennomkjørings-heftet
for å lese litt i det. Ole var plutseleg tilbake, og eg fekk
instruksjoner om kor vi skulle kjøre for å komme til 1. etappe for dagen
som var SS10. Den førløp utan problem, videre til neste SS som ifølge
heftet var SS11, så var det SS4 og så skulle det være lunsj. Etterpå fann
Ole ut at vi hadde brukt FEIL opplegg for gjennomkjøringa. Vi fekk ikkje
gjennomkjøring på SS5 og SS6 fordi desse var stengt då vi oppdaga
fadesen. Stygge ord kom ut av vår munn! Resten av dagen førløp utan
problem.
På kvelden sjekka vi lengda på dei første etappene, og fann ut at vi
kanskje hadde eit problem med bensinfylling. Så vi fekk ta med ekstra
bensinkanne for å løyse det problemet.
Ny dag med strålande solskinn, fin temp -15°. Vi begynte på SS1 og skulle
kjøre SS2 og SS3. Når vi var nesten ferdig med SS1 begynte telefonen min
å ringe. Etter etappa såg eg det var Tor som ringte, så eg sa til Ole på
fleip at dei fekk vel ikkje start på rallybilen no då. Men det skulle
vise seg at det var mykje verre enn som så. Tor kunne fortelle at det
hadde vore innbrudd i Servicebilen og at alt verktøyet, kompressor, klær
og alt anna var borte. Først trudde eg han tøysa, men skjønte fort at han
ikkje tulla. Viss nokon ser mistenkelege folk med termodress, kvite
hørselvern med mikrofon, muttertrekkerpistol og med spesialverktøy til
RallyEscort, så ta kontakt. Så når det værste sjokket hadde gitt seg,
kunne vi oppsummere at vi kunne starte, viss vi fekk kjøpt litt utstyr,
og håpe at rallybilen ville funke heile løpet. Ein kan begynne å lure på
om det ikkje er meininga at eg og Ole ikkje skal kjøre rally. Tor og
Andreas gjorde ein kjempejobb med å ringe rundt å ordne med utsettelse
til teknisk kontroll og få tak i nytt utstyr, slik at vi kunne stille til
start. Takk til Gundersen Motorsport for rabatter på utstyr og Team GED
for rabatter på verktøy. Vi kjørte resten av gjennomkjøringa, men eg
klarte ikkje å ha full konsentrasjon om notane.
Vi reiste ned til Kongsvinger for å prøve å få tak i litt verktøy og få
utsettelse på dokumentkontrollen. Må få skryte av organisasjonen på Rally
Finnskog som var veldig fleksible med oss, og forsto situasjonen vår.
Teknisk kontroll gjekk uten anmerking av noko slag, men vi må gjere noko
med den høge tomgangen, 2200 rpm. Det er litt høgt, så vi må kanskje
bytte tomgangsdyser.
Løpet. Hadde som vanleg høg kvilepuls foran løpet, noko som eg håpte
ville gi seg når vi kom oss ned til startområdet, men nei. Var nok litt
oppskjørta etter dagens hendelser + vi skulle fylle bensin mellom
etappene + at det var første gang med etapper i mørket. Vi hadde bestemt
oss for å attakere litt på første SS, men det var berre måteleg, vi kom
til eit veidele etter ca 6km, og der klarte vi å bli ståande fast i 30
sek før vi kom oss av gårde igjen. Etter det tok vi det alt for
forsiktig, så etter ca 7km vart vi tatt igjen av bilen bak. Da vart det
attakk igjen noko som varte til vi tok igjen ein bil med problem rett før
slutt, og nok ein bil bak oss tok oss igjen. No skulle det laddast den
siste km'n, men i ein ekstra lang 4 nyper til 2 trur eg at vi
fekk noten litt seint, så vi kom ut av sporet og bakenden tok tak, snurra
bilen rundt og gjennom snøbrøyta! Ole vart sendt ut for å skubbe fordi vi
såg ingen publikummere i nærheita, men plutseleg var det mange der som
dytta oss inn på vegen igjen!! Tusen takk!! Med kun 300 meter igjen til
mål!! Vi grov snø ut av fronten og frå hjula, for å slippe å få stopp på
SS2.
Kjørte så til SS 2, der fylte vi bensin før TK. Vart litt stressa av
det så denne prøva kjørte vi midt i vegen.
SS3, her ladda vi litt meir
og det viste seg at vi fekk ei grei tid.
Service, Andreas og Tor hadde
hadde omsider fått fyrt opp aggregatet, og dei stod klar til å gyve på.
Men det var ikkje så mykje å gjere, berre bytte dekk og fylle etter
frostvæske på radiator'n som tydelgvis er lekk.
SS4, dette er
norges lengste fartsetappe på heile 41 km. Vi starta i eit brukbart
tempo, men Volvo'n som starta rett bak hadde tydlegvis det travelt
med å komme til mål så han tok oss att etter ca 20km. Men kun 2 km etter
han passerte oss, står kartlesaren hans å veiver i vegkanten. Så gjer vi
den tabba og begge går ut av bilen for å hjelpe å skubbe bilen ut av
vegbana. TABBE!! Når vi endeleg fekk bilen på vegen att, stod vi igjen og
fomla med sikkerhetsbelta, mens resten av bilane som berre hadde hatt
kartleserane sine ut for å dytte, freste av gårde. Så neste TABBE!! Vi
begynte å kjøre før selane var på plass. Det går rimeleg seint før vi får
festa belta og får dra på igjen. Då vi kom til mål hadde vi brukt over
makstid, noko vi først skjønte etter vi hadde tatt fatt på transporten.
Ny TABBE!! Vi skulle selvfølgeleg ha klaga på at vi brukte lang tid på
hjelpe. Det skal vi ikkje gjere igjen!! Dette var nytt for oss, men vi
kjørte til service der Andreas og Tor var klare til å gyve på. Så vi
kjørte til Park Fermè og den laaange vegen til Hytta og fekk legge oss.
Etter 4 timer med "god" søvn var vi klare for dag 2. På tur
nedover til Park Fermè snakka vi om at vi kanskje hadde brutt. Og når vi
kom på basen, stod vi på bruttlista! Snakk om nedtur, men dette rallyet
får vi skrive på læringskonto'n! Men vi er klare for å kjøre
Finnskog til neste år viss økonomien tillater det.
Tusen takk til Tor og Andreas som stilte opp som mekanikere!!