bilde 
av bilen på start i Rally Trøgstad, vårt føste løp!
[ Til hovedsiden; klikk på bilde ]
Info om bilen
Teamet
luft...
Linker til forskjellige rally steder
Bilder, videoer med mer
Nyheter og rapporter fra teamet
Få vårt nyhetsbrev

Våre sponsorer


Formel V





Bosch Rexroth


QMI

SHELL

Royal Purple

Leda

Kumho

Mocomp AB

NAF avd. Ålesund

Google
Velkommen til Høgtun Racing!
Rapport frå Sigdalsrallyet 05.jan.02

Høgtun Racing Rally Team 1, Fører Geir Jarle Jensen og Co-driver Ole Andreas Langemyr skulle kjøre dette første rallyet i år 2002. Dette Rallyet hadde vi sett fram til i lengre tid.

Her er ein rapport frå Sigdalsrallyet 05.jan.02:
Fleire bilder her: http://www.langemyr.com/rally/sigdalsrally-02/


Høgtun Racing Rally Team 1, Fører Geir Jarle Jensen og Co-driver Ole Andreas Langemyr skulle kjøre dette første rallyet i år 2002. Dette Rallyet hadde vi sett fram til i lengre tid. Torsdag 03.jan.02 var det klart for teknisk kontroll på Ungdommens Motorsenter i Oslo. Tor ville bli med som mekaniker, og kom med henger'n så vi skulle sjå litt proffe ut når vi kom på Teknisk. Men, det viste seg at motorvarmaren hadde tatt kvelden, så vi måtte til med vifteovn for å "varme" på ein kald løpsmotor. Vi fekk no start etter nokre forsøk i -10 grader. Sjølve kontrollen gjekk utan noko form for anmerkning.

Fredag var det så klart for gjennomkjøring av løypa i Sigdal. Sidan Escort Cab'n hadde funne ut at den heller ville stå på verkstad denne dagen, fekk vi låne Turbo SAAB'n av Dag, som ALLTID stiller opp med redskap når vi treng å låne det!! Så vi la i vei tidleg på morgonen, og var framme i Sigdal i 10 tida, når gjennomkjøringa begynte. SS1: Sidan vi ikkje har vore på gjennomkjøring før, var vi ikkje sikker på kor starten var, så vi kjørte heile prøva, mens vi klødde oss i skallen, og lurte på kor vi skulle begynne. Etter ein god del blaffring med kjøreboka, kom vi fram til at vi skulle klare å finne SS2. Men etter første krysset, fann sjåføren ut at han var best med kart og kjørebok, så kartis'n måtte bøye av, og sjåføren ville starte på etappa. Veien passa sånn høveleg i starten så kartis'n skulle ikkje komme her nei. Men grunnen til at det er to personer i bilen er klinkande klar. Ein skal kjøre og den andre lese kart, PUNKTUM. Enden på visa var at vi bråstoppa på tunet til bonden som låg rett over krønet. Eg trur Kartis'n gliste BREITT av sjåføren som kan alt, veit alt.... Vi fann omsider ut kor vi skulle, så notane stemte i ca 2 svinger, før vi var ute av notane. Heldigvis fann vi ut av notane, men på denne prøva var det mykje knoting. SS3: gjekk mykje betre, berre ute av notane et par gonger.. SS4: Her var det mykje hopp og sprett, så dette kunne bli morro. SS5: Ei lang prøve, her var det mange fine plasser å klusse det til på... Heldigvis var det 2 gjennomkøringer så vi fekk sortert ut litt vanskelege parti, og vi var glad at vi brukte 1 dag på dette, då vi ikkje har hatt anledning å trene i lag etter Trøgstad.

Laurdag 05.01.02: LØPSDAG: Kl 0615 var det samling i garasja for pålessing av bil. Men den ville ikkje starte!! og det var kun 15 blå. Så var det fram med slepetau for å taue Escort'n i gang. Etter litt sleping og nokre smell starta Escort'n. Så sette vi i marsj mot Sigdal! Unni og Tone var også med, så skulle vi møte Hanne og Audun på serviceplassen. Ole måtte gasse litt for å rekke å kome til sekritæriatet før det stengte kl 0900. Eg og Tor stoppa og fylte drivstoff og kjøpte frukost på vegen, og var i Sigdal ca kl 1000. Men det viste seg at vi hadde brukt det klassiske trikset med å legge att bensinlokket på bensinstasjonen. Krise. då måtte vi sende Ole til nærmaste bensinstasjon for å få tak i krisetanklokk. Så var det berre å sette på piggdekka og halde motor'n varm, fram til start. START: Debut på vinterføre!!!! Rulla over start og der var løpet i gang! SS1: Nervane låg i tjukke låg utanpå kjøredressen!! 5,4,3,2,1, Kjør. Vi var i gang. Å du og du som vi tok det forsiktig. Sjåføren var usikker på kor godt dekka sat, så han ville ikkje stå i grøfta å spa snø dei første 500m. Notane stemte, men sjåføren var redd Betong-sjikanene som stod uhyggeleg tett, så her rota vi vekk masse tid, og vi klarte å bli tatt att av bilen bak.. SERVICE1: Tor stod klar til å bytte på dekka og fylle bensin. Escort'n funka bra. SS2: Denne prøva hald vi farta nede slik at vi kunne bli forbikjørt av bilen som starta 1 minutt bak. Vi fomla litt med notene, men alt i alt, sånn passe fornøgd. Vi vart i hvert fall betre enn dei 10-15 bilane som stod i grøfta, som gjore at vi måtte kjøre slalom mellom varseltrekantane. SS3: Ei ganske lang etappe, med lav sol og trange betongsjikaner på slutten. Denne prøva hadde vi brukbar kontroll på notane. SERVICE2: Tor hadde opplegget klart, og bytta dekk og fylte bensin i rekordfart, så vi fekk tid til å ete og drikke litt. SS4: Litt kluss med notane, men vi fekk hoppa litt, og eit gigantisk bakhjulsløft pga for harde demparar bak. Karti's kika opp av notane når vi var på det høgste!!! Her vart vi ikkje tatt igjen av ein einaste bil!!!(på 6 km) SS5: Lengste etappa for dagen. Vi var ute av notane berre 2 gonger på nesten 15km og vi vart tatt att av bilen bak berre rett før mål!! Her våga eg å gasse litt, for bilen sat heilt fantastisk godt på svingete parti og på hardt underlag!! MÅL!! Vi fullførte vårt første VINTER-RALLY!!!!! Utan skade på bil eller mannskap!!!!

HRRT-1 ønsker å takke Tor som velvilleg stilte opp som mekanikar!! Godt jobba Tor! Ei stor takk til Dag Alstad alltid stiller opp med bil og utstyr når vi treng å låne det!! Ellers må vi takke fanklubben som stilte mannsterke opp!! Takk til Unni og Tone for støtte før og under rallyet!!