Vi bestemte oss etter MRN, at vi (Geir og Ole) skulle prøve å få kjøre Numedalsrally 2002, som har den fantastiske Smådøla-etappa, dersom statsbusjettet tillot det!
Gjennomkjøring 01.03.02:
Vi starta GRYTIDLEG frå Oslo (04:45) for å ta fatt på notekontrollen, og kom til Rødberg litt før kl 8 Sola kom fram, så
dette såg ut til å bli ein fantastisk dag. Cab’n hadde bestemt seg fo å spele på lag denne gongen, så den skulle få kjørt
seg iløpet av dagen. SS1: ei kort etappe, som var nesten berre motbakke (Fint med piggfrie, Oslosalta dekk). SS2: SMÅDØLA,
endeleg skulle vi få kjøre ein lang etappe (3mil) med vanskelege kombinasjoner. Vi vart liggande i kø, så nokon før oss
valgte å kjøre stopp, bånn gass, stopp, bånn gass, så det vart litt spesielt for kartis’n å variere slik på tempoet. SS3:
Laaang smal oppoverbakke mot start, for så å bli ein smal krokete skogsbilveg. Morsom på slutten med 5V 6H/krøn 150 kort
4V/sprett 2H->noe, ! krøn omg. 2H-> noe HNV 4H MÅL. Her skulle armane få kjørt seg. SS4: Meget rask veg, med eit trangt
parti på midten, og veldig rask på slutten. SS5: Start i grustak, der var det VELDIG trangt sjekk dette: krøn ned i 1V i
vdl > THN trangt krøn 30 1H 1V>noe 60 kort HNH opp 30 1H/krøn omg kort 3V Her var det moglegheit for å klusse
det til. SS6: Rytmisk og fin rallyveg, med ferister der vi kunne få hoppa litt.
Smådøla motsatt veg, med lik slutt som SS1.
Etter første gjennomkjøring var det ei lita pause, så Ole ENDELEG kunne få ete litt. Han hadde hatt eit lengselsfullt blikk
mot den boksen med brødskiver heile føremiddagen.. Vi ringte Tor og Tone som kom oppover med Rallybilen og Service-vogna,
for å høre at dei var på veg. Så begynte neste gjennomkjøring. Etter 2 etapper ringte Tor og sa at dei ikkje fekk kjøre
lenger med tilhenger, pga at ein E hadde falt av førerkortet. Sorte, no var rådyr gode, vi vrængte hjerna for å finne
løysing på det problemet…. I samråd med Tor, vart vi einige om å fullføre gjennomkjøringa, og ta det derfrå. Løysinga vart at Tor kjørte Rallybilen og Tone kjørte Servicebilen til Rødberg. Tone likte sååå godt å kjøre Servicebilen, at eg trur vi no har fast sjåfør på den. GODT JOBBA TONE!!!!!! Vi er evige takknemlige!! Lønn i Himmelen!! Men dette la ein liten demper på stemninga på resten av gjennomkjøringa.
Teknisk: Tor var glad for at vi hadde investert i Transportheadset, då 85 km med rettskårne drev, gir ein syngande
lød i Escort’n som det er godt å dempe litt. Sjølve kontrollen gjekk greit, men med lit småplukk som mangel av solskjerm
og FIA-papir på bremsene bak. Eg og Tor kjørte opp til Rødberg ”sentrum” , bytta de og fylte bensin, slik at alt skulle
være klart til laurdagen. Tone og Ole reiste ned til Hytta for å kokkelere eit herremåltid. Det var godt med mat etter ein
lang dag. Eg og Tor reiste for å hente henger’n, så omsider kunne vi legge oss, etter å ah lufta hytta ned til ca 35grader
under taket. Ole hadde eit show for oss alle, med korleis innstille vekkerklokke til å ringe midt på natta, så etter det
kunne vi legge oss til.
LØPSDAG laurdag 03.03.02:
Det er ikkje lett å sove i 35 grader med sovepose som er bergna for arktiske klima, men eg kunne no ha overnatta ute…
Sjåføren er som vanleg veldig tent på å komme avgårde, slik at ein kan vente ved Rallybilen. Men vi fekk montert kamera,
vaska vindu og limt på startnr. slik at vi var klar. Så var det berre å stille opp på prestart, og vi var igang. Vèret var
litt grått, men vi håpte på at sola ville komme fram.
SS1: Det er heilt utruleg kor fort rattrusten kjem! Og eg MÅ lære meg at motor’n drar ikkje noko særleg under
4000rpm. Rota
vekk masse tid på det, og vart sist, men berre 1 sek etter nest siste bil!
SS2: Smådøla. Bilen foran (Lada!) begynte å ryke litt blått før start, så det mangla ikkje på vittige komentarer, og
ganske riktig, etter ca 350meter sto den med åpent panser. Synd, for det er gøy med mangfold. Dessverre fekk sjåføren ikkje
opp tempoet i starten her heller, så det varte ikkje så lenge før vi vart tatt att av ein Ascona som dei hadde spadd fram
att. Ca på midten vart vi tatt att av bil nr 2 (startnr bak oss) men no hadde tempoet økt betrakteleg. På slutten av denne
etappa var det nokre ganske lange rettparti, og der merka vi at Escort’n ikkje går så fort. Så rett før mål vart vi tatt
igjen av bil nr 3. Kartis’n gjorde ein kjempejobb med å halde oss inne i notane, og var berre ute eit par gonger! Men han
henta fint seg innatt. Så på slutten gjekk det ganske greit. Men vi mangler ein del på rettstrekker og at sjåføren tør
meir.
Service1: Her klarte den ellers så gode kartis å forårsake eit TIDSTILLEGG! Inn til service!!. Tone og Tor stod
klar
til å bytte om på dekka og sjekke olje og vatn og litt småplukk. Men det snødde store filler
SS3: Her var det ei lita forandring på transporttida til etappa, som mange av dei store kanonane ikkje hadde fått
med seg,
så det er ikkje berre oss uerfarne som tuller det til. No hadde sola kome fram, og det var eit kanonflott vèr. No begynte
det å løsne litt, men vi klarte å halde oss langt nede på resultatlista.
SS4: No skulle vi prøve å ladde litt, for no syntest vi at dette kunne gå bra! Og ganske riktig, på denne prøva kom
vi høgt
opp på oppned lista!
Reguleringspause: Det var lagt inn ein ½ times pause slik at vi kunne slappe av litt. Vi benytta pausa til å fylle
på med
mat og drikke, noko Kartis’n sette pris på.
Service 2: Vi klarte å kjøre inn til rett tid! Tone og Tor var klare til å ta rokade på hjula. Sjekka olja på
girkassa og
fylte etter litt på den.
SS5: Her var starten inne i eit grustak, med mange vinkelsvinger, så vi tok det med ro der og gassa litt ekstra på
slutten.
Det var lurt, fordi det var mange som satsa først og tapte på det…
SS6: Rask etappe med mange rettstrekk, og som nevnt før gjekk ikkje Escort’n fort nok på rette strekker, og dermed
fekk vi
samme plassering som vanleg!
SS7: Turen tilbake over Smådøla hadde vi bestemt oss for å prøve gasse litt ”ekstra”. Så der blei vi tatt att av
kun ein
bil, heilt mot slutten av etappa, så kanskje vi hadde gassa meir enn vanleg? Men det så ikkje slik ut på resultatlistene.
Eg må nevne at siste 500meterne kjørte vi med ein gasspedal som hadde hengt seg opp. Så eg måtte regulere gassen med
skotuppen, noko som vi tapte litt tid på.
MÅL: FULLFØRT vårt andre vinter-rally og med heil bil!! Det kjennes godt sjølv om vi lurte fælt på om vi kom til
mål
med
den gasspedalen.
Tusen takk til sponsorane: Motokov Norge og Castrol.
Takk til Tone og Tor for fantastisk innsats før og under løpet.