Etter Mountain Rally Norway, med HR Team 2, vart det litt å fikse. Grunnen til av Escort'n
stoppa, var at ein motstand på Coil'n hadde tatt kvelden.
No er ny Coil
montert, og motoren verkar å gå lettere... Ellers hadde pigghjula tatt opp i
alle skjermbuane, så det måtte til litt sveising på ymse plasser rundt om.
Bak har vi montert eit blad til på bladfjørene, så no er kanskje Escort'n
hard nok bak. Nye skvettlapper må også til, då desse var gnaga av. Escort'n
er lakkert i hjulbuane og på dei andre plassane vi har sveisa og tetta hull.
Så no er det berre att litt testing, for å finne ut om vi har justert rett
på demparar og fjører.
Sponsornytt: Motokov Norge A/S (importør av Lamborgini) har bidratt med
midler til vår videre satsing, og sidan dette er den første sponsoren vår,
må vi få takke for tilliten, og håpe at vi kan klare å innfri forventningane
deira. Vi har sendt ut sponsorsøknader til utvalgte firma, og håper dei ser
moglegheita til å bli med på eit vinner-team!
Neste Rallyløp blir NumedalsRally 02.mars. Det er då HRRT-1 som skal kjøre
sitt siste vinter-rally for i år. Sjekk denne linken for Numedalsrally:
http://numedal.net/numedalsrally/ SS2 og SS7 blir dei mest spennande
etappene, då desse er 30 km lang, og med veldig få holdepunkt for Kartis'n
og mange strekker der vi kan holde flatt!!!