Forventningane var store etter Rally Trøgstad. Det kunne berre gå ein veg, (nesten, bortsett frå at vi kunne skrote vogna
då!), det var oppover, og det var målsettinga for dette rallyet!
Det var ikkje innlagt noko form for service i løpet, så det var berre Ole A. og eg som reiste til Rudskogen. Løpet var lagt
opp med 8 stk SS (spesialstrekker) inne på asfalten på Rudskogen, løpets lengde var 6,8km. Vi reiste TIDLEG utover, slik at
vi skulle ha GOOOD tid, slik at vi kunne besiktige bana litt før vi begynte (+ å roe ned nervane til sjåfør'n). På
Rudskogen var det ei vanvittig tåke og så regna det litt slik at asfalten vart SÅPEGLATT. Vi tok den siste finpuss på
bilen, og Ole ville sitte å Psyke seg opp i forsetet på Granada'n som Dag Alstad nok ein gong velvilleg stilte til utlån.
SS1: Denne prøva gjekk nede på gokartbana. Vi tredde på oss hjelmane og fyrte opp Escort'n, og vips, så var vi i
gang. Som
eg skreiv om litt tidlegare var det GLATT på bana og med sommerdekka frå Cab'n (som ikkje var heilt nye) så blir det ekstra
mykje morro. Etter kun 3 svinger trur sjåføren at han har det meste under kontroll, men kor feil går det an å ta (snurring
1). Det mangla ikkje på formaningar frå kartis'n, som på dette rallyet slapp å lese noter, og som kunne følge med ut ruta,
så derfor hadde han klare oppfatningar om kva som kunne skje. Men, 3 nye svinger gjekk bra med litt sladding, så i den 4.
svingen fekk sjåfør'n det for seg at no var det på tide å vise at gamle sommerdekk er eldst, å la inn ein sladd som ikkje
nokon kunna henta inn (snurring 2). Etter nye 2 svinger er det vel på tide å vise publikum at det var verdt turen til
Rudskogen for å sjå Rally. Etter å ha bladd i hukommelsen for å grave fram triks frå min pure ungdom i Sein -77 Granada 2.6
GL, ville eg vise at eg kunne å kjøre bakhjulstrekk. Men som fotballfolket seie, det var ikkje tatt ut av læreboka. I den
skarpe venstresvingen bremsa eg litt seint, 1. gir, ut med clutch, mot høgre det går! Vel, etter ein liten potetåkertur,
kom vi i gang igjen, og til mål. Vi skjønner ikkje kvifor TK kalla oss Snurre Sprett???
SS2: Her skulle eg få vise om eg
meistra å bruke håndbrekket for å vende. På grunn av at dei gamle sommerdekka ikkje ville bli varme hadde vi litt problem
med å "styre" oss gjennom svingane, så eg ville bruke brekket til det.... Så etter å ha prøvd høgre og venstre vendinger på
denne etappa, kom eg til at venstrevendingane var minst kluss med. På denne prøva måtte vi berre rygge ein gong :(
SS3: Her
hadde vi ei vanvitteg god vending, men sjåfør'n pysa ut fortidleg på bremsepunkta. Godkjent.
SS4: Her hadde vi mange breie
fine sladder, men vendinga var katastrofal, då vi måtte rygge!! Reguleringspause: = venting, så fekk vi snakka litt med dei
andre som var med, POSITIVT.
SS5: Samme som SS1, men no hadde det "tørka" opp litt, så det var betre feste (for dei med
gode dekk) men vi sladda oss igjennom, og sjåfør'n trudde han var i mål tidleg i løpet, men no kom kartis'n til sin rett,
og leda oss inn på rett spor igjen :)
SS6: Gjekk greit utan problem.
SS7: Her hadde vi dagens beste vending / brekkesladd,
noko som kartis'n gav uttrykk for på intercom'n så høgt at eg haure ikkje noko meir på det øret etter det.
SS8: Denne prøva
bar preg av at vi var snart i mål, men det vart ei lita forbetring av tida....MÅL: Resultat: 21 av 27 i Nasjonal klasse 12
FORBEDRING.
Tusen Takk til Unni Alstad, Dag Alstad, Tone Andresen og Castrol
VI GLER OSS TIL VINTERSESONGEN!!!!!!!!!!!